Frå 2. klasse og oppover.
Gjennom friluftsliv, smarbeid, vennskap og læring gir speiding opplevelser for livet.
Speideren i Stokkalandsmarka er frå 2. klasse og oppover. Me har løpande inntakt, det vil sei at ein kan byrja iløpet av semesteret. Det krev ikkje at du har registert barnet i forkant, men me ynskjer at alle som kjem meir enn ein gong registerer sine barn her. På denne måten har me kontaktinformasjon i tilfelle det skulle skje noko på eit møte eller me endrar planer på kort varsel.
Me er mange speidere og har difor valt å dela troppen i to på alle møter utanom semsteravslutningane som er felles.
2. - 3. klasse: onsdagar i partalsveker kl. 17.00 - 18.30. Kontaktperson ; Maria Hegre, mob: 994 75 457
4. klasse og oppover: onsdagar i oddetalsveker kl. 17.30 - 19.00. Kontaktperson; Turid Boganes mob: 466 72 826
Under finn de semsterprogram for begge gruppene med oppmøteplass (stad). Oppmøteplass er ved grillhytta/ballbingen oppe på toppen av marka når stad er "Skogen" i programmet.
I slutten av april vil alle som er registerte etter 1. desember få tilsendt ein e-post med litt informasjon om det å væra med i speideren, om opptak og medlemsskap i Norges KFUK/KFUM, samt anna viktig informasjon til foreldre/føresette. Difor er det viktig at alle får registert sine barn på lenka over - de kan og når som helst be oss om å sletta opplysningane me har om barnet slutter i speideren.
2. - 3. klasse
| Dato |
Stad |
| 7. januar |
Skogen |
| 21. januar |
Skogen |
| 4. februar |
Skogen |
| 18. februar |
Kvassheim fyr kl. 17.00 - 19.00 |
| 4. mars |
Skogen |
| 18. mars |
Skogen |
| 15. april |
Skogen |
| 19. april |
Speidergudsteneste i Varhaug kyrkje kl. 11.00 |
| 29. april |
Skogen |
| ???? |
Oppdagercamp (ei helg i mai) |
| 27. mai |
Felles sommeravslutning på Ognatun kl. 17.00 |
18. februar skal me til Kvassheim fyr. Her plukker me søppel i strandsona før me går inn på fyret og får pizza av Jæren Friluftsråd. Her får me og høyra litt kvifor det er viktig å plukka søppel og kasta søpla der den skal.
19. april deltek me på speidergudsteneste i Varhaug kyrkje saman med speiderne på Varhaug. Etter gudstenesta plar me å arrangera speidertivoli til inntekt for KPK Ukraina sitt arbeid.
Ei helg i mai arrangerer kretsten Oppdagercamp. Dette er ei helg med kjekke aktivitetar for både speidere og foreldre. Meir informasjon om denne turen, og påmelding, vil koma når kretsen har datoar klar.
27. mai er det felles sommaravslutning på Ognatun for alle speiderne i Stokkalandsmarka med familiar. Her har me ei samling med andakt, utdelinga av merker og opptak av nye speidere og rovere. Me har og griller, låner kanoar og det er mulig for dei som treng ein dukkert å bada.
4. klasse og oppover
| Dato |
Stad |
| 14. januar |
Skogen |
| 28. januar |
Skogen |
| 6. - 8. februar |
Overnattingstur til Lunden i Sokndal |
| 11. februar |
UTGÅR |
| 11. mars |
Madland hamn |
| 25. mars |
Skogen |
| 8. april |
Varhaug kyrkje |
| 17. - 18. april |
Haik for 6.klasse og oppover (meir info kjem) |
| 19. april |
Speidergudsteneste i Varhaug kyrkje kl. 11.00 |
| 22. april |
HøgJæren |
| 6. mai |
Ut på tur (meir info kjem) |
| 20. mai |
Holmavatn |
| 27. mai |
Felles sommeravslutning på Ognatun kl. 17.00 |
6. - 8. februar skal me til Lunden i Sokndal på overnattingstur. Lunden er ein leirstad, og me vil overnatta på internatrom. Helga vil væra fylt med kjekke aktivitetar og tid til å væra sosial. Meir informasjon og påmelding finn du her. Frist for påmelding er 29. januar.
8. april vert speidermøte i Varhaug kyrkje.
17. - 18. april planlegg me ein haik for dei som går i 6. klasse og oppover. Haik er eit døgn ute på tur utan vaksne ledere. Speiderne vil iløpet av døgnet ute ha kontakt med vaksne ledere heime som ved behov til kunne reisa ut til gruppa.
19. april deltek me på speidergudsteneste i Varhaug kyrkje saman med speiderne på Varhaug. Etter gudstenesta plar me å arrangera speidertivoli til inntekt for KPK Ukraina sitt arbeid.
22. april vil me reisa på fisketur med gruppa. Om det er foreldre/foresatte som er gode på fisking set me pris på om dei har lyst å væra med denne dagen og dela sin kunnskap. Meir info om turen vil koma etter påske.
6. mai vil me og reisa på tur. Då skal me prøva oss på geocaching og me vil dela speiderne inn i grupper som skal ut på jakt etter cacher. Denne gongen vil kreva litt forarbeid av speiderne, men det vil speidere og foresatte få informasjon om når det nærmar seg.
20. mai skal me til Ognatun å padla i kano.
27. mai er det felles sommaravslutning på Ognatun for alle speiderne i Stokkalandsmarka med familiar. Her har me ei samling med andakt, utdelinga av merker og opptak av nye speidere og rovere. Me har og griller, låner kanoar og det er mulig for dei som treng ein dukkert å bada.
Lederspire?
Me er så heldige at me har mange barn og unge som deltek i speideren. Til dette trengs det mange frivillige som kan bidra. Ein treng ikkje væra verken villmarksekspert, overmåte glad i vind og regn, eller super kreativ for å bidra. Me treng trygge personar som vil væra med å bidra anten det er som leder, medhjelper eller assistent. Me har mange ulike oppgåver som skal løysast. Og akkuratt som barna er ulike og treng ulik støtte, trengs det ulike ledere med ulike egenskaper. Lyst og anledning til å bidra? Ta kontakt med gruppeleder for den gruppa dul vil bidra på så finn me saman oppgåver som passer deg. Kontaktinfo til gruppelder finn du lenger oppe på sida.