Gravferd


Hå kyrkjelege fellesråd med kyrkjeverja som dagleg leiar er ansvarleg for gravferdene i Hå. Det er tre kyrkjegardar i kommunen; Ogna, Varhaug og Nærbø.

Grav med krans. Foto.

Det er Hå kyrkjekontor som får melding om alle dødsfall i kommunen. 

Det er dei pårørande, den som står ansvarleg for gravferda, som har ansvar for ta kontakt med kyrkjekontoret. Dei fleste pårørande synest det er formålstenleg å få hjelp av gode fagfolk i samband med gravferda. Då vil gravferdsbyrå ta seg av all kontakt med offentlege instansar og gi melding om dødsfall til kyrkjekontoret.

Det er nokre spørsmål som det er nødvendig å ta stilling til med ein gong:
 

Seremonistad, dato og klokkeslett:

Normalt vil seremonistad for gravferda vera i soknet ein bur i, dato og tidspunkt blir bestemt ut frå når det er ledig i den aktuelle kyrkja.

Normalt blir gravferdsseremonien lagt til kl. 10.30 eller kl. 12.30.

Kyrkjetenar blir ordna av kyrkjekontoret. Annan bemanning som som skal leia gravferda og musikk, blir ordna gjennom det trus- eller livssynssamfunn ein tilhøyrer.
 

Kiste, Urne eller minnelund

Dei pårørande må bestemma seg for om det skal vera kistegravferd eller om det skal vera kremasjon og urnenedsetjing. Viss det er ønskjeleg at ein ektefelle/partnar i framtida skal gravleggjast ved sida av i kistegrav, må ein reservera grava ved sidan (dobbelgrav). Graven til ein avdød har inga festeavgift dei første 20 åra. For ei reservert grav må ein likevel betala årleg festeavgift (minimumstid 20 år).

Mange synest det er belastande å ha ein gravstad som ein må stella og ha tilsyn med. Då kan det vera greitt å setja urna i ein "urnelund" og få namnet til den avdøde på ei minneplate i minnelunden. Då har du ingen forpliktingar for stell og vedlikehald. Du kjøper berre minneplata og betaler evt. festeavgift på ordinært vis- etter at grava er 20 år. I Hå har ein no minnelund både på Varhaug og på Nærbø.

Det er også er mogleg å velja ei anonym grav eller gravlegging på eit anonymt gravfelt. Ei anonym grav har ingen minnestein med opplysningar om kven som er gravlagt. Det er ikkje mogleg å setja opp ei gravstøtte på ei anonym grav. På det anonyme gravfeltet er det eit felles minnesmerke.
 

Alternativ himmelretning:

Det er også er mogleg å velja grav med ei alternativ himmelretning. Desse grava er tilrettelagde for Islamsk gravferd, men feltet kan brukast av dei som av ein eller annan grunn ikkje ønskjer å liggja aust-vest, som resten av gravplassen.
 

Frå andre kommunar:

Dersom avdøde var busette i ein annan kommune enn Hå kan ein etter førespurnad tildela grav og ha gravferd i Hå. Ein vil då få utgifter til leie av kyrkje, graving og festeavgift.
 

Det er nokre spørsmål ein kan stilling til når det har gått litt tid:
 

Gravminne eller gravstøtte.

Gravminne eller gravstøtte kan ikkje setjast opp før tre månader etter gravferda. Det er nødvendig at jorda får sett seg skikkeleg.

Gravminne/gravstøtte skal godkjennast før ho blir sett opp.

Gravferder skal følgja det som er beskrive i Gravferdsloven og lokale vedtekter.

Utor regelverket er det høve til å setja eit personleg preg på gravferda innanfor nemnde reglar.

Kyrkjegardsvedtekter for Hå seier noko om korleis gravstaden kan formast ut.
 

Prisar for leie av kyrkje:

Alle som ønskjer det får nytta kyrkjene i Hå til gravferd. Nokon er ikkje medlemmer i Den norke kyrkje, og må då betala ei leige for bruk av kyrkja. Alt som skjer på gravplassen er gratis for alle innbyggjarane i Hå kommune.

Desse satsane gjeld der avdøde ikkje er medlem av Den norske kyrkja. Hå kyrkjelege fellesråd sender ut faktura.
 

  Leige inkl. kirketjener Organist
Nærbø kyrkje 3000 1800
Nærbø gamle kyrkje 3000 1800
Varhaug kyrkje 3000 1800
Varhaug kapell 2000 -
Ogna kyrkje 3000 1800

Prest blir fakturert frå Bdr. direkte etter eigne satsar.
 

 

Søk etter graver og gravferdsseremoniar her

   
Ulike skjema til bruk:
Skjema for krav av gravlegging/kremasjon, finn du her.

Skjema for godkjenning av gravminne

Vedtekter for gravplassane i Hå

Skjema for overføring av feste

Skjema for sletting av grav

Skjema for bestilling av gravstell