Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Stifinnerekspidisjonen


12. - 14. september 2025 på Alsvik natrusenter.

Stifinnerekspidisjonen er ein minileir på Alsvik natursenter for 4. og 5. klasse.  Her overnatter me i telt, et ute og har alle aktivitetane ute.  Saman med speidere frå heile kretsen får me kosa oss med leirbål, me får delta på aktivitetstorg, patruljekonkuranse, Scouts Own gudsteneste, og kanonballkonkuranse.

Program
Me reiser i samla tropp frå Vigrestad kl 16.30 fredag 12. september og er heime mellom kl. 14.00 og 15.00 på sundagen.

Kretsen har lagt ut eit foreløpig program for helga som er slik

Fredag
kl 18:00  Registrering 
               Sette opp telt/lavvo
               Bli kjent med andre
               Kveldsmat i gruppene
kl 20:00  Åpningsleirbål
kl 21:30  I soveposene
kl 22:00  Ro i leiren

Laurdag
Kl 08:00  Frokost i gruppene
Kl 09:00  Flaggutrulling
                Ord for dagen
Kl 10:00  Aktivitetstorget starter     
Kl 12:00  Lunsj i gruppene
Kl 13:00  Aktivitetstorget fortsetter
Kl 15:00  Servering av oppskåren frukt
Kl 15:30  «4-kamp» starter
Kl 17:30  Grillen tennes
Kl 18:00  Pølsefest
Kl 20:00  Leirbål
               Kveldsavslutning 
Kl 22:00  RO i leiren
Kl 22:30  Lederkro - ta med kopp, tallerken og bestikk

Sundag
Kl 08:00  Frokost med gruppen
Kl 09:00  Flaggutrulling
kl 10:00  Kanonballturnering  
               Scouts Own - speidergudstjeneste              
               Lunsj i gruppene
kl 13:00  Avslutning 

Påmelding og betaling
Påmeldinga finn de her.  Frist for påmelding er sundag 31. august!

Turen koster 450 kr per speider å delta på.  Dette inkluderer mat, leiravgift til kretsen og fellesutstyr.  Dette betaler de på VIPPS #116343 - bruk kategorien "Stokkalandsmarka KFUK/KFUM".  Merk innbetaling med speideren sitt namn.

Ledere på tur
For å kunne reisa på Stifinnerekspidisjonen treng me gode foreldre som kan væra me då bidra.  Det er viktig å væra nok vaksne for at det skal væra ei kjekk helg for både speidere og ledere på tur. I fjor var me ein god gjeng vaksne som hadde det minst like kjekt som deltakarane på tur - og me håper å få det like kjekt i år.  

Oppgåvene på turen er å hjelpa speiderne med å rigga seg til på leirplassen med telt og hjelpa speiderne med å finna seg til rettes i telta.  Fredag ettermiddag må me laga eit enkelt brødmåltid i leiren.  Me må og sørga for ro blant våre speidere etter rosignal.  Laurdag har me to brødmåltid i gruppa, og me har hjelper speiderne rundt på aktivitetstorget.  På patruljekonkuransane kan me verta sette på post - men då vil me få god innføring i oppgåvene.  Me har og laurdag kveld ansvar for ro i gruppa etter rosignal før det er lederkro med litt kvessen mat til oss ledere på kvelden.  Sundag er det frokostservering og nedpakking som er lederoppgåvene.  Elles er det mykje tid til å kosa oss som vaksne, skapa gode minner med speiderne våre og bli kjent med nye ledere.

Som ledere på ekspidisjonen betaler ein ingen ting.

Personleg turutstyr
Gruppa har med fellesutstyr.  Speiderne må ha med personleg utstyr som:
- Sovepose (ikkje ha ein heilt tynn sommarpose, det kan bli kaldt på natta)
- Liggeunderlag
- Speiderkniv
- Kopp, tallerk, kniv og skei.
- Drikkeflaske
- Gode klede til det veret som er meldt den helga.  Me har ingen plass å trekka innomhus anna enn når me er på toalettet.

Dersom ein ikkje har sovepose og liggeunderlag kan ein låna det rimeleg på www.frilager.no

Spørsmål om turen
Har de spørsmål om turen kan de kontakta Turid Boganes på e-post.

Tilbake