Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


2-3 års samling


Sang, leik og sosialt samvær

Hei, du som er 2 eller 3 år i 2023!

Me inviterer alle 2-3 åringer (barn fødd i 2020 og 2021) med fylgje, til ei lita samling i kyrkja,

torsdag 23. november, kl. 16.45 - 17.45.

Me startar i kyrkjerommet, der me syng i lag, får høyra litt historie frå bibelen, har rim og regler med meir (mykje kjent frå "Gynge lite grann", om de har vore innom der.) Til slutt har me litt til å bita i inne i kyrkjelydssalen.

Samlinga er åpen for alle 2-3 åringer, så inviter gjerne andre med!

For påmelding innan søndag 19. november, trykk her: Påmelding

Kontakt kyrkjelydspedagog Solveig Høyland på mob 996 43 224 om det er noko de vil spørja om 😊

 

Tilbake