Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Barabbassamling


Velkommen til Barabassamling!

Laurdag 02. april er du som er eller fyller 6 år velkommen til Varhaug kyrkje. Der skal du få høyra om Barabas, Jesus og påsken. I tillegg til dette skal vi laga noko påskepynt og få ei bok om Barabas som du kan lesa vidare i heime.

Kom då vel!

Litt praktisk informasjon til dei vaksne: 

Barabbas samlinga handlar om å fortelja påskebodskapen ut frå Barabbas sine auge. Det er laga ei bok om Barabbas med Duplo figurar som barna får med seg heim.

Når de melder barnet på Barabbassamling kan de velja mellom desse to tidspunkta; kl. 10.00, kl. 11.30.  Samlinga varer i ca. 1 time, og me ynskjer at ein vaksen føl barnet. For at me skal ha nok formingsmateriell og bøker er det fint om de melder på barna på www.varhaugkyrkje.no innan 28. mars. Dersom eit alternativ av tidene er vekke er det fullt på det aktuelle tidspunktet. Påmeldingsskjema til Barabasssamling finner du også her.

Me ynskjer at alle barn skal kunne delta. Har ditt barn behov for tilrettelegging kan de ta direkte kontakt med oss, eller skriva det i påmeldingsskjemaet.

Kontaktperson for Barabbas samlinga er barne- og familieprest Jone U. Slettebø-Knudsen. Han kan de nå på mobil 47640578 eller e-post jone.slettebo-knudsen@hakyrkja.no   

 

 

Tilbake