Har du lyst å vera med på noko spanande? Vil du vera med å overnatte i Varhaug kyrkje?
Frå laurdag 24. mai til sundag 25. mai kan alle som er født i 2013 vera med på LysVaken i Varhaug kyrkje!
Me skal sova i kyrkja frå lørdag til sundag. I løpet av kvelden skal me læra om pinse, sjå film, laga glaskunst, syngja og eta saman. Oppmøte er kl. 16:00 lørdag. Me avslutter med familiegudsteneste sundag kl. 11.00. Då er heile familien hjarteleg velkommen til å delta! Her vil dei som har delteke på LysVaken ha ulike oppgåver.
Meld deg på!
Har du lyst til å vera med må du melda deg på innan måndag19. mai. Du finn påmeldinga her.
Alle som er født i 2013 kan delta uavhengig om dei er medlem i DnK eller ikkje. Det er gratis å delta på LysVaken!
Til foreldre/foresatte
Vi treng ein del vaksne som kan hjelpa til under arrangementet. Alt frå nattevakter til kjøkkengjeng, til det å vera ein god vaksenkontakt på laurdagen. Fint om dei som kan stilla opp som hjelparar krysser av for dette i påmeldingsskjemaet på nett.
Dersom nokon har behov for tilrettelegging, eller har spørsmål om LysVaken, ta kontakt med kyrkjelydspedagog Kathrine Håland Varhaug på mob: 456 04 250 eller e-post.