Kyrkja sin middelalderdel er frå ca år 1250. Mykje tyder på at kyrkja ikkje berre vart bygd for gudstenesteleg bruk, men også med tanke på forsvar – eit blokkhus som ein kunne ty til når det var krig og ufred i landet.
Opphaveleg var kyrkja ei rektangulær langkyrkje med skip og kor i same breidde. Austre gavlvegg hadde to spissboga vindauge med rike ornamenteringar i kleberstein. Lyn slo ned i kyrkja i 1814 og 1819 og gjorde stor skade på murverket i austre gavl. I 1829 var der ein stor flaum i Ognaåna. Denne gjekk innunder kyrkjemurane og austgavlen fekk mykje skader. I fleire år hadde ein slike flaumer frå åna, dette førte til at den vakre austgavlen ramla ned i 1839.
Kyrkja blei då utvida med tømra kor og nytt tak. Samstundes fekk ein bygd klokketårn og våpenhus.
Middelalderdelen som framleis er hovuddelen av kyrkja er ”langkyrkja” frå 1250 med dei fire hjørna i kleberstein, den praktfulle og rikt ornamenterte vestportalen i kleberstein, døypefont og alterbord i kleberstein.
Den 13. november 1991 vart kyrkja totalskadd av brann. Den gjenreiste kyrkja er teikna av sivilarkitektane Torsvik og Thesen, Sandnes. Ho vart vigsla den 5. juni 1995.
Ogna kyrkje har i dag ca 280 sitjeplassar, medrekna sitjeplassane i kyrkjelydsalen. Altertavle og preikestol er nøyaktig kopi av dei som vart totalskadd i brannen. Kyrkjeskipet som heng ned frå taket er ein orlogsbrigg frå ca år 1800. Glasmåleriet i austgavlen er laga av biletkunstnaren Harald Stokkeland. Kyrkjeorgelet er på 17 stemmer og er bygd av Bruhn & Søn, Danmark.