Alle rettigheter 2019 Hå kyrkjelege fellesråd

Velkommen til dåp


Dåp i kyrkja. Den vesle i lang, kvit kjole blir boren opp framfor kyrkjelyden. Familie og fadrar er til stades i benkeradene. Kvifor velje dåp for den vesle? Kvifor invitere til feiring av babyen – og samle slekt og venner?

 

Eit felles Ja

Dåpen er Guds gåve. Det er ei ja-handling. Og først og fremst er det Gud som seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til barnet. Gud elskar alle, alltid og utan atterhald. Og foreldre og fadrar seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal høyre til kyrkja og vekse opp med den kristne trua. De seier ja til å lære barnet om trua og kva trua har å seie for livet. Men dette står de ikkje åleine om.

For kyrkja seier òg ja. Når barnet blir døypt, blir det medlem i Den norske kyrkja og ein del av fellesskapet i kyrkjelyden der de bur. Barnet vil jamleg få tilbod om å lære meir om kyrkja og trua, tilpassa alderen. Barn i alle aldrar, ungdommar og vaksne er alltid velkomne til dåp.

Velkommen til dåp i ei av kyrkjene våre - både store og små!

Vel den kyrkja du høyrer til og finn ledig gudsteneste. For å starte registreringa treng du personnr. til barnet. (eller du kan bruka ditt eige om du ikkje har fått barnet sitt).
Etter eit par dagar vil du motta stadfesting på e-post. Dei som bur i Stokkalandsmarka får telefon frå presten for å avtale dåpssamtale. I dåpssamtalen vil man gå gjennom kva det vil seie å bli døypt og sjølve innhalde i dåpshandlinga. Har du ikkje all informasjon klar nå kan du åpne registreringa igjen og fullføre på eit seinare tidspunkt. Har du ikkje all informasjon klar nå kan du åpne registreringa igjen og fullføre på eit seinare tidspunkt.

Dåpsliturgien kan de lesa her.

Ta gjerne kontakt på tlf 51 43 62 10 eller epost om du har spørsmål.



Tilbake