Invitasjon


 til trusopplæring

 

Har du eit barn som ikkje er medlem i Den norske kyrkja (Dnk), men ønskjer invitasjon til trusopplæringstiltaka som skjer i Nærbø kyrkje?

Til mange trusopplæringstiltak i kyrkja vert det sendt ut invitasjonar til alle medlemmane som er i aldersgruppa tiltaket er for. Me veit at det er fleire barn i bygdene som ikkje er medlemmar av kyrkja, som likevel ønskjer å delta på det som skjer. Alle er hjerteleg velkomene til å delta på våre arrangement, uansett om ein er medlem eller ikkje!

Før fekk alle barn av foreldre som var medlemar av Dnk òg brev i posten - dette vart kalla tilhøyrige, og desse navna vart sletta frå kyrkja sine register ved fylte 18 år. Etter ei endring i lova, vart registeret over tilhøyrige barn sletta 1. januar 2021, og desse vil ikkje lenger få direkte invitasjonar frå kyrkja. Det betyr ikkje at dei ikkje er velkomne til å delta på våre arrangement.

Har du eit barn som ikkje er medlem, men ønskjer invitasjon til trusopplæringstiltaka? Då kan du logga deg inn på Mi side til kyrkja sitt digitale medlemsregister her og føra ditt barn opp.  Me kan ikkje senda invitasjonen til ditt barn, men invitasjonen vil gå til deg som føresett. Melder du flytting til ein anna stad i Noreg vil denne informasjonen automatisk bli overført til kyrkja der du flytter til!

Er du som forelder heller ikkje meldem av Den norske kyrkja kan du framleis melda barnet ditt på for å få informasjon om trusopplæringstiltak der du bur!  

Du kan sjølvsagt og sletta den informasjonen som er om deg og ditt barn når du sjølv ynskjer det.  

For spørsmål, eller hjelp til registering, ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 51 43 62 10 eller e-post.

 

Illustrasjon: Elisabeth Moseng

 

 

Tilbake