Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Ledig stilling - kyrkjelydspedagog


30 % vikariat frå 1.1.2026 til 30.06.2026.

Kyrkjelydspedagog i Varhaug sokn 30% stilling

Vikariat frå 1. januar 2026 – 30. juni 2026

Kyrkjelydspedagogen arbeider i all hovudsak med born  alderen 0-13 år.
Ein har eit nært samarbeid med den øvrige staben på kyrkjekontoret.
Stillinga er fleksibel og du får stor frihet til å planleggje arbeidstida di sjølve.
Kontoret er på  Varhaug kyrkjekontor.
Noko kvelds-og helgearbeid må påreknast.

Oppgåver som ligg i stillinga m.a.:
- Baby- og småbarnsang i Stokkalandsmarka
- Speidar 2.og 3.kl, inkl stifinnerekspedisjonen
- Tårnagenthelg i Varhaug kyrkje
- Kniv&Gaffel

Personlege eigenskapar:
- Du er fleksibel og lett å samarbeida med.
- Du er initiativrik, kreativ og strukturert.
- Du trivast i møte med barn, unge og frivillige.
- Evne og lyst til å formidle Jesus til barn.

Kvalifikasjonar:
- Utdanning innan pedagogikk eller diakoni er ynskjeleg.
- Erfaring frå frivilig arbeid med barn og unge er ynskjeleg.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. 
- Førarkort klasse B.
- Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
- Det må fremlegjast barne og omsorgsattest før tilsetjing kan skje.
- Personleg egnethet vil bli sterkt vektlagt.

Nærare opplysningar om stillinga kan fås hos dagleg leiar i Varhaug sokn, Turid Boganes mob. 466 72 826.

SØKNAD MED CV SENDES:
Hå kyrkjelege fellesråd ved kyrkjeverjen
Ånestadvegen 12
4360 VARHAUG
E-post: kyrkjeverge@hakyrkja.no

Søknadsfris 2. november

Tilbake