Tysdag 27. mai kl. 19.00 i Varhaug kyrkje
Alle kyrkjene i Hå har hjertestarter. For at me skal væra best mogleg rusta dersom me skulle koma i ein situasjon kor me kan få brukt for denne vil me arrangera eisamlinga for alle våre frivillige i Varhaug og Ogna sokn kor me vil få opplæring i bruka av hjertestarter. Til å halda denne opplæringa har me fått med oss RescuePal, eit lokalt firma som blant anna driv med opplæring av førstehjelpere både i bedrifter og i frivillige organisasjonar. Etter opplæringa i hjertestarter vil me og gå gjennom brannvernrutinane våre slik at me har dei og frisk i minne.
Før samlinga er det fint om alle som skal delta tek dette e-lærinskurset. Kurset er gratis for alle som deltar på samlinga 27. mai, og ein må registera seg med namn for å logga inn. Kurset tek omlag 30-45 minutt.
Ved spørsmål om samlinga kan de ta kontakt med dagleg leiar i Varhaug sokn eller dagleg leiar i Ogna sokn. Kontaktinformasjon finn de her.
Photo by G-R Mottez on Unsplash