Fredag 4. april til laurdag 5. april dreg me på hengekøyetur til Sælandsskogen for speiderne i 4. klasse og oppover. Dette vert eit døgn i skogen saman med mykje kjekt! Me lager god mat ute, har leirbål og god stemning.
Alle speiderne må ha med eiga hengekøye og utstyr til å henga denne opp med (tau til å ha rundt trea). I hengekøya må ein og ha eit liggeunderlag eller liknande oppi før ein legg seg i hengekøya med soveposen. Alle må og pakka i sekk då me skal gå eit lite stykke frå parkingsplassen. Dei som ikkje har hengekøye, liggeunderlag, sovepose eller god sekk kan leige det rimeleg på Frilager
Me vil kjøpa inn felles mat til både fredag og laurdag, samt at me vil ha tilgang på toalett i speiderhytta til Brynespeideren. Dersom veret vert heilt elendig kan me få til å sova inne, men dei som vil sova ute uansett ver kan gjera det om ein har med eigen tarp.
Pris for turen er 150 kr per speider og betales på VIPPS til #116343 bruk kategorien Stokkalandsmarka KFUK/KFUM og merk innbetaling med speideren sitt namn,
For å vita kor mange som vert med på turen treng me påmelding innan onsdag 26. mars. Påmeldinga finn de her.
Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med Turid Boganes på mob 466 72 826 eller e-post.
Photo by 🇸🇮 Janko Ferlič on Unsplash