Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Koster det noko?


Når eit av brudeparet er medlem av Den norske kyrkja og buset eller oppvaksen i kommunen, er det gratis å gifta seg i kyrkja. Viss ingen i brudeparet er medlem av Den norske kyrkja eller har tilknyting til kommunen, må dei betala for både leige av kyrkja/kapellet, og for prest og organist (om ikkje brudeparet sjølv skaffar og betaler for organist/prest.)

Rekning for prestetenesta vert sendt frå Stavanger bispedømmeråd. Rekninga for organist, kyrkjetenar og kyrkja/kapellet vert sendt frå Hå kyrkjelege fellesråd.

Desse satsane gjeld:

Leigesatser for vigsel Kyrkje (inkl. kyrkjetenar) Organist
Ogna kyrkje 3.500,00 2.200,00
Varhaug kyrkje 3.500,00 2.200,00
Nærbø kyrkje 4.000,00 (med lydteknikar)  2.200,00
Nærbø gamle kyrkje 3.500,00 2.200,00
Varhaug kapell 3.000,00 (Ikkje kyrjetenar) Ingen organist

Prest: Bispedømmet sender eigen faktura. 

Tilbake