Det er vanleg med orgelmusikk til inn-og utgang i kyrkja, og 2-3 salmar er vanleg i kyrkja. Her kan du finna salmeforslag.
I seinare tid ser me at nokon om ynskjer å ha musikk avspelt frå telefon i kyrkja. Det er då brudeparet sjølv som er ansvarleg for å stilla med telefon, overgang frå telefon til "mini-jack" og musikken på telefonen. De må og ha ein eigen person som kan skru av og på telefonen. (Tips: høyr om ein av gjestene kan væra behjelpeleg) Kyrkjetenar styrer lyden, men ikkje ved inngang eller utgang pga er då opptatt nede med opning av dørene. Sørg for at musikken som skal brukast er ferdig nedlasta, og at tlf står i flymodus. Musikken som skal brukast må godkjennast av organisten.
Viss de vil ha med solist, og organisten skal væra akkompagnatør, må notene sendast organisten i god tid. Og viss de treng mikrofon til solist o.l må kyrkjekontoret få beskjed om dette før vigsel.
Organist er inkludert i alle vigslar i Ogna, Varhaug, Nærbø og Nærbø gamle kyrkje.
NB! Det er ikkje lydanlegg, eller noko instrument i Varhaug kapell - her er det heller ikkje organist med.