Når ein vert døypt er målet at ein skal veksa i den kristne trua framover.
Vekst kjem ikkje av seg sjølv. For at noko skal veksa må det få gode vekstvilkår. For at trua vår skal veksa treng me å ha eit personleg forhold til Gud vår Skaper, Jesus vår Frelser og Den heilgae Andre vår opprettholder. Det kan væra til stor hjelp å væra ein del av eit kristent fellesskap, som har tilbod til den aldersgruppa og livssituasjonen ein står i.
Å skapa gode vekstvilkår for trua på heimebane viser seg, gjennom forskning, er det viktigaste ein gjer. Våga å snakka om tru og tvil på heimebane. Begynn tidleg å be kveldsbøn for barnet og syng for maten saman. Finn fram barnebibelen og les den på sengekanten. Våg å væra ærleg om di tru og din tvil. Undrast saman.
Kyrkjelydane i Hå har eit stort og variert arbeid både for barn, vaksne og eldre. Me ynskjer å romma heile livet, frå småbarn til alderdom, i glede som i sorg, til kvardags og til fest. I Kristus, nær livet. Her skal det væra rom for både tru og tvil. Dette utfordrer kyrkjelydane til å tenka bredt kring arbeidet lokalt. For å finna ut kva som skjer for deg i din lokale kyrkjelyd kan du trykka på nament til din kyrkjelyd her; Nærbø kyrkjelyd Varhaug kyrkjelyd Stokklandsmarka menighet Ogna kyrkjelyd.
Kyrkjelydane i Hå har kvar sin trusopplæringsplan for dei mellom 0 og 18 år med ulike tilbod til barn og unge. Alle tilboda er opne for både dei som er medlemmar, og dei som ikkje er medlemmar. Mange tilbod er heilt gratis - nokre har ein frivillig kontigent, medan nokre heilt få har eigenbetaling for å dekka utgiftene. Me vil oppfordra alle som har døypt barna sine til å ta dei med på desse arrangementa når dei er små, og etterkvart som dei vert eldre senda dei avgårde sjølv. På denne måten kan barna få del i eit kristent fellesskap og hjelp til å veksa i tru. Me vil og oppfordra foreldre og fadrar til å ta del i aktivitetane, væra med som frivillig og koma på dei opne samlingane for sjølv og få verta ein del av det lokale kristne fellesskapet.
Foto: Simen Prestaasen