Om å vera fadder


Å verta spurt om å få vera fadder til ein som skal verta døypt er for mange stort.  Men kva innebær det å seia ja til å vera fadder?

Fadrane er vitner om at den som vert døypt er døypt med den kristne dåp.  Saman med kyrkjelyden har ein del i eit heilagt ansvar;  visa omsorg for den som vert døypt, be for den som vert døypt, hjelpa dei til å bli betre kjent med den kristne trua og delta i nattverden.  Slik at den som vert døypt kan både leva og veksa i den kristne trua.

Ei stor, og ærefull, oppgåve å bli spurt om å ha.  Og framme ved døyptefonten svarar ein saman med dei andre som står der framme at ein ynskjer å hjelpa den som vert døypt til å bli endå betre kjent med den kristne trua og dela denne med den som vert døypt.  Det kan ein gjera på mange ulike måter.  Ein kan be for dåpskandidaten, ta han eller henne med på gudstenester, sundagsskule og andre kristne møtepunkt.  Ein kan hjelpa dei til å bli ein del av eit kristent fellesskap ved å oppfordra dei til å ta del i dei aktivitetane som skjer i kyrkje og bedehus.  På denne måten kan fadrar og den som vert døypt får eit nærare forhold, og samtalar om tru og tvil vert kanskje meir naturlege å dela.

Mange trur at det fylgjer med sivilrettslige forpliktelser for fadrane, som å eventuelt overta ansvaret for barnet om foreldrene døyr.  Det stemmer ikkje.  Dette er ein gammal tankegang som forsatt har fotfeste i enkelte områder og miljø.  Fadderansvaret ein har handlar om omsorg og trusopplæring, og herunder vil det jo vera veldig natruleg å visa ekstra omsorg om foreldrene skulle døy.  Men ein har ingen plikt, ei heller "førsteretten", til å overta ansvaret for sitt fadderbarn om foreldrene skulle døy eller ikkje kunne ha omsorg for barnet sjølv lenger.

 

Foto:  Bo Mathisen

Tilbake