Dåp av ungdom og vaksne


Dei fleste av dei som vert døypt i kyrkjene våre er små barn, men det er ikkje uvanleg at undom og vaksne tek kontakt med eit ynskje om å bli døypt.

Dåp i kyrkjene våre er ikkje avhengig av alder.  Dåp er noko som kan skje heile livet.  Både som liten baby, en og som ein gammal oldefar.  

Kva må til for å bli døypt?
For å verta døypt som ungdom/vaksen i ei av kyrkjene våre kan ein ikkje væra døypt tidlegare med ein kristen dåp.  Ein må ha eit ynskje om å tilhøyra den kristne tru og verdsvide kyrkje og ha kjennskap til det viktigaste om den kristne tru.  Når ungdom/vaksne skal døypast har ein difor ofte meir enn ein dåpssamtale i forkant av dåpshandlinga, men dette er individuelt og noko ein avtaler med den lokale prest.  (Konfirmantane føl ofte ordinært konfirmantopplegg som opplæring fram mot dåpen).

Må ein ha fadrar når ein vert døypt som ungdom/vaksen?
Når ein vert døypt som ungdom/vaksen må ein ha minst to fadrar.  Desse er vitne på at ein er døypt med ein kristen dåp - og skal væra til hjelp for den som vert døypt vidare på trusvegen.

Når kan ein bestemma om ein vil verta døypt sjølv?
Det vanlegaste hos oss er at det er ungdom som ynskjer å bli konfirmert i Den norske kyrkja, og som ikkje er døypt når dei var små, som vert døypt hos oss.  Fram til ein er 15 år er det foreldrene som avgjer om ein kan bli døypt eller ikkje.  Etter ein har fylt 15 år er ein religiøst myndig og kan bestemma dette sjølv.

Kva tid skjer dåp av ungdom/vaksne?
Dette er individuelt.  Nokon ynskjer dåp sundag kl. 11.00 i ei ordinær sundagssgudsteneste.  Andre deltek på gudstenesta saman med fadrar og familie, medan sjølve dåpshandlinga skjer umiddelbart etter gudstenesta.  Andre igjen kjem på andre tidspunkt for å verta døypt.  Dette er noko av det ein snakkar saman om når ein ungdom/vaksen ynskjer dåp - for her har ein ulike ynskjer og behov.

Har de spørsmål om dåp av ungdom/vaksne kan de ta kontakt med kyrkjekontoret på e-post eller telefon 51 43 62 10.

 

 

Foto:  Malin Longva

Tilbake