I dåpsliturgen blir dåpen framstilt som ei gåve og som ein inngang til fellesskapet i kyrkjelyden og i den verdsvide kyrkja.
Bibelens mest kjente vers blir lest ved døypefonten: "For så høgt har Gud elska verda at han ga Sonen sin, den einboren, for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh 3,16)
Ulike kyrkjesamfunn har litt ulik forståelse av kva som skjer i dåpen. I Den norske kyrkja trur me at dåpen tar oss inn i Guds familie. Me trur og at me får Den heilage Andre når me vert døypt. At me døyper små barn, framhver at det er Gud som handler. Me kan ikkje gjera noko verken til eller ifrå. Det er Gud som tar imot oss, utan at me må gjera noko tilbake. Akkuratt som nattverden, har Gud gitt oss dåpen som ei konkret handling, kor me bare skal ta imot hans gåver.
Sjølv om ikkje små barn kan utrykke si tru, heng likefullt dåp og tru saman. Det som skjer i dåpen lever videre etterkvar som barnet veks opp, veks i tru og i sitt forhold til Gud. Derfor driv me med barne og undgdomsarbeid som du kan finna meir informasjon om her:
Nærbø kyrkje
Varhaug kyrkje
Stokkalandsmarka menighet
Ogna kyrkje