Spørsmål og svar om dåp


Her får du svar på dei mest vanlege spørsmåla om dåp i Den norske kyrkja.

Kva koster det å bli døypt?
Dåp i kyrkja er heilt gratis!

Kven kan bli døypt?
Alle kan bli døypt, og ein kan døypast når som helst i livet.  Det vanligaste i kyrkjene våre er barnedåp, gjerne før barnet er eitt år gammalt.  Men det er ikkje til hinder for at både større barn, ungdom, voksne og eldre kan bli døypt.  

Er det forskjell på dåp og namnefest?
Ja, frå kyrkja sitt perspektiv er det stor forskjell.  Dåpen er ein fest der me feirer og gler oss over at eit menneske vert ein del av eit større fellesskap.  Dette fellesskapet er kyrkjelyden, heile den globale kristne kyrkja og Guds store familie.  Dåp er ikkje ein seremoni kor ein får namnet sitt, men naturlegvis speler namnet ein stor rolle.  Namnet er viktig fordi den som vert døypt ikkje er anonym.  Det er akkurat dette mennesket som vert døypt, det unike individet som Gud har skapt.

Kor mange fadrar må ein ha, og er det ei øvre grense på antal?
Alle som vert døypt må ha to fadrar, og me fører inn inntil seks fadrar i kyrkjeboka.  Desse er vitne om at den som vert døypt er døypt med ein kristen dåp.  Dei lover og å hjelpa den som vert døypt til å leva som ein kristen vidare i livet.  

Kven kan væra faddar?
Den som vert spurt om å væra faddar må vera over 15 år og annerkjenna kristen barnedåp.  Det vanligaste er å velja faddarar blant familie og venner, foreldre kan ikkje væra fadrar til eigne barn.   To av fadrane må vera fysisk tilstades når dåpen skjer, ein kan altså vera faddar utan å væra tilstades når dåpen skjer.

Kven skal bæra barnet fram til dåpen?
Det er vanleg at ein av foreldra eller ein av fadrane bærer små barn til dåpen.  Det er opp til foreldra å velja kven som skal bæra barnet.  Den som bærer barnet treng ikkje vera faddar.

Kven er gudmor/gudfar?
Mange brukar tittelen gudmor/gudfar til den som fysisk bærer barnet fram til dåpen.  Dette er likevel ikkje noko me verken registerer eller påvirker på noko sett og vis.  Foreldra til barn som vert døypt vel sjølve kven dei vil skal bæra barnet til dåp, og om dei vil nytta seg av denne tittelen.

Kva skjer på dåpssamtalen?
På dåpssamtalen møter foreldrene til barn som vert døypt, eller den som skal døypast ved ungdoms/voksendåp, presten for å snakka om det som skjer i kyrkja på dåpsdagen.  Ein snakkar ofte og litt om kva det er å tru og familien sitt forhold til den kristne trua.  Dåpssamtalen skjer oftast mellom ei og fire veker før dåpssdagen - og det er prest eller kyrkjekontoret som tek kontakt med tidspunkt og stad for samtalen.

Kva skal ein ha på seg på dåpsdagen?
Dei aller fleste som kjem til kyrkja i eit dåpsfylgje har finstasen på.  Dette er ein festdag for både den som vert døypt, men og for familie og venner.  Men det er ingen regler som seier noko om kva klede ein må ha.  Det er og ulikt frå familie til familie kva som er finklede og ikkje.  

 

Tilbake