Varhaug kyrkje har no fått løfteplattform. Les meir her.
Dei aller fleste av oss kan gå ei trapp på tre trinn utan problem. Me tenker ofte ikkje over at det er det me gjer ein gong, går opp eit par trinn slik som det er mellom kyrkjeskipet og koret i kyrkja. Skal me delta i ein dåp går me opp trappa som ingen ting. I alle fall nesten, må bare passa på at me ikkje trør ned inneforet i stakken på bunaden eller snoffler med dåpsbarnet i armane. Ting som let seg løysa om ein berre tek det litt roleg og held nervene i sjakk. Eller på konfirmasjonsdagen, formaningane til jentene på vei til kyrkja; «Hugs å løfte opp stakken når du skal opp og ned trappa», og til gutane; «Hugs at du har på deg ein kappe, du må løfta den når du går opp og ned trappa». Det går somregel heilt fint, og skulle ein væra så uheldig at ein «snoffle» i stakk eller kappe, ja då er det flaut der og då – men eit par tiår seinare så er det eit artig minne som ein dreg på smilebåndet av.
Men kva om du ikkje har desse trivielle bekymringane, men heilt andre. «Eg vil delta i dåpen til mitt eige barn, men eg kan ikkje koma opp trappa. Ingen kan lyfta meg opp, for eg er for tung i rullestolen min.» Eller når invitasjonen kjem til konfirmasjon; «Eg vil ikkje væra konfirmant i kyrkja, for eg kan ikkje koma opp trappa til alteret slik som alle dei andre. Det er bare flaut at presten skal koma ned til meg – eg vil delta på lik linje med dei andre eller så vert eg ikkje med.» Eller når føtene svikter i alderdommen, men du har lyst å gå til nattverd, stå rundt alterringen men kjem deg ikkje opp trappa. Bekymringar som ein som bevegelseshemma ofte møter i ulike situasjonar i livet, men ikkje burde møte i ei kyrkje som skal romme heile livet og alle som vil koma.
Difor tok soknerådet opp problemstillinga i desember 2021 for å sjå om ein kunne gjera noko konkret for å leggja til rette slik at alle kan koma opp i koret. Saman med fellesrådet i kommunen har ein no fått på plass ei løfteplattform, samt gjort plass til rullestolar i benkeradene. Både soknerådet og fellesrådet har sett på det som så viktig å legga til rette for at bevegelseshemma og skal få kunne koma opp i koret at ein har gjennomført prosjektet utan å ha finansiert prosjektet fullt ut.