Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Dugnad


Måndag 12. juni kl. 12.00 - 15.00

Har du lyst å væra med på dugnad i kyrkja?

I april rensa me alle puter i benker og tepper på gulvet. Nummermerking etter pandemien vart fjerna og me fekk vaska benker og vegger.

No treng benkane litt ekstra pleie. Det er ganske mange små og litt større flekker som manglar maling. Målet den 12. juni er å få mala over desse områda.
Lysestaker, altersølv og anna sølv i kyrkja treng og ein puss - og me håper å få pussa dette og.


Sjølvsagt skal me og få tid til kaffi og litt å bita i 🙂

Tilbake