Kniv og gaffel


Taco, sosialt og aktivitetar for heile familien!

Varhaug kyrkjelyd saman med Stokkalandsmarka menighet, NMS Varhaug og NMS Vigrestad inviterer ALLE til Kniv&Gaffel på Vigrestad misjonshus desse datoane i år

19. januar
16. februar - Karneval
15. mars
12. april
24. mai - Ved grillhytta i Stokkalandsmarka
30. august
27. september
25. oktober
22. november

På Kniv&Gaffel har me først ein kort andakt kl. 17.00 før me et taco saman.  Etterpå er det ein enkel formingsaktivitet for barna, og der vert servert kaffi til dei som har lyst på det.  Samlinga er både for deg som er åleine - og for deg som har stor familie.  For deg som har budd i bygdene våre i lang tid, og for deg som er ny i bygda.  Ung som gammal.  

For å vita kor mange me skal laga mat til er det viktig at ein melder seg på innan onsdag kl. 15.00  før kvar samling.  Påmeldinga finn de ved å trykka på den aktuelle datoen i lista ovanfor.

Pris er 25 kr per barn og 75 kr per ungdom/vaksen(over 15 år).  Betaling skjer via VIPPS på samlinga.

Medlemsskap i NMSU
Me vil oppfordra alle som deltek på Kniv&Gaffel til å bli medlem, voksne som barn.  Det koster 50 kr per person per kalenderår.  
For kvart betalande medlem vil me kunne søka støtte frå NMSU til å halda utgiftene på Kniv&Gaffel nede. 
Håper difor så mange som mogleg vil bli medlem.  Det gjer de enkelt ved å Scanna QR-koden nedanfor og betala 50 kr per deltaker i VIPPS. Du finn det og ved å søka på VIPPS #116343 og bruka kategorien Medlemskontigent Kniv&Gaffel.
Merk innbetalinga med namn og fødselsår på dei du betaler for.

 

Har du spørsmål kan de ta kontakt med Turid Boganes på e-post eller mobil 466 72 826.

 

Tilbake