Kyrkjestaden Varhaug


 

Varhaug gamle kyrkjegard har vore kyrkjestad tilbake til tidleg kristen tid.  Kjelder syner at det stod kyrkje her allereie i 1328, men mykje tyder på at det var kyrkje her før den tid og.  Ein trur at staden kyrkja vart bygd på kan ha vore ein gammal hedensk blotstad, og gravhaugane på Varhaug vitnar om at staden har vore brukt som gravstad lenge før kristen tid.

Ifølge Tobias Skretting, som kjente lokalhistoriene til Varhaug, har nok ikkje den fyrste kyrkja som stod her vore særleg stod.  Mest truleg var ho ikkje større enn eit båtnaust.

Den andre kyrkja som stod på Varhaug veit me meir om.  Dette var ei rikt utsmykka rennesansekyrkje bygd i 1617.   Noko av materialen som vart brukt til å byggja denne kykja kom truleg frå den eldste kyrkja, og var gjenbruk.  I 1634 vart det bygd galleri i kyrkja, og Sjur Håland stiller spørsmål i boka si Kyrkjegarden ved havet om det var dette som førte til at veggane på kyrkja måtte rettast opp i 1654.  I kyrkja vart det sett inn både altertavle, preikestol, døypefont, stolar og pulpitu laga av Thomas Snekker i 1619.  Altertavla og preikestolen vart måla av Peter Reimers.  Midtsommars i 1826 var det bispevisitas av biskop i Christiansands stift, biskop Johan Storm Munch.  Han beskreiv tilstanden til kyrkja som forfallen og uanstendig.  Denne visitasen la press på kyrkjeeigarane som no måtte ta tak i tilstaden til kyrkja - og dei valte å søkja om å få byggja nytt Vaaningshus til Vorherre.  Siste gudsteneste i kyrkja frå 1617 var 2. pinsedag i 1828.

Eit sokn uten eiga kyrkje var eit sokn i unntakstilstand, og difor arbeidde ein raskt med å få på plass ny kyrkje på staden.  Sundag 14. desember 1828 vart den nye kyrkja på Varhaug vigsla.  Om denne kyrkja kan ein seie at ho var ein prototyp av Linstowkyrkjene som dei neste åra vart populære å byggja i Rogaland.  Heile 27 Linstowkyrkjer vart bygd i fylket dei påfylgjande 40 åra.  Kyrkja var ei nøktern kyrkje, praktisk og framtidsretta etter dåtida sin standard.  Denne kyrkja fekk ny preikestol, men kyrkjeeigarane valte å ta med altertavle og døypefont frå den førre kyrkja.  Dette falt ikkje i god jord hjå verken prost eller biskop som påla kyrkjeeigarane å skaffa nytt.  I 1845 laga innflyttaren, og sølvsmeden, Torger Jensson Husveg, ny døypefont til kyrkja.  I 1850 kjøpte Varhaug sokn altertavla som stod i Hesby kyrkje på Finnøy.  Denne var laga av Thomas Snekker i 1609, og måla av Peter Reimers.  Atså dei same som hadde laga altertavla til kyrkja på Varhaug frå 1617.  Då altertavla frå Hesby kyrkje kom til Varhaug vart alt, utanom måleriet i midten, måla kvitt.

Allereie i 1888 byrja diskusjonen om kyrkja på Varhaug skulle flyttast  Etter mykje diskusjon i kommunestyret vart vedteke at ny kyrkjestad for Varhaug sokn skulle væra Odland med bakgrunn i framveksten av stasjonsbyar kring jernbanen og endring i busettingsmønsteret i soknet.  16 år seinare stod kykja på Odland ferdig og vart vigsla onsdag 7. desember 1904.  Dei fleste synlege spor etter kyrkja på Varhaug vart fjerna i 1905, men tårnfoten fekk stå att.  På denne monterte ein kyrkjeklokka frå 1791.  Altertavle, preikestol og døypefont vart teke med til kyrkja på Odland, som i dag ber namnet Varhaug kyrkje, og er framleis i bruk der.

Kjelde: Kyrkjegarden ved havet, Sjur Håland, 2013

 

Die Kirchenstadt Varhaug
Der alte Kirchhof von Varhaug lässt unsere Kirchenstadt auf frühchristliche Zeiten zurückgehen. Die Geschichte sagt, dass es hier bereits 1328 eine Kirche gab. Aber es gibt viele Hinweise darauf, dass an dieser Stelle lange vor dieser Zeit schon eine Kirche stand. Es wird angenommen, dass die Stadt, in der die Kirche gebaut wurde, eine alte heidnische Stadt war. Die Grabhügel in Varhaug bezeugen, dass die Stadt lange vor der christlichen Zeit als Begräbnisstätte genutzt wurde.

Laut Tobias Skretting, der die lokalen Geschichten von Varhaug kannte, fiel die erste Kirche die hier stand, wahrscheinlich nicht auf. Höchstwahrscheinlich war sie nicht größer als ein Bootshaus.

Wir wissen mehr über die andere Kirche, die in Varhaug stand. Dies war eine reich verzierte Renaissancekirche aus dem Jahr 1617. Ein Teil des Materials, das zum Bau dieser Kirche verwendet wurde, stammte wahrscheinlich von der ältesten Kirche und wurde wiederverwendet. 1634 wurde in der Kirche eine Galerie eingerichtet. Sjur Håland stellt in seinem Buch „Kyrkjegarden by the sea“ Fragen, ob dies dazu führte, dass die Wände der Kirche 1654 begradigt werden mussten. In der Kirche befanden sich beide Altarbilder, eine Kanzel, ein Taufbecken, Stühle und ein Beichtstuhl, die 1619 von Thomas Snekker hergestellt wurden. Das Altarbild und die Kanzel wurden von Peter Reimers bemalt. Mittsommer 1826 kam der Bischof der Diözese Christiansand, Bischof Johan Storm Munch zu Besuch. Er beschrieb den Zustand der Kirche als baufällig und unbrauchbar. Diese Visitation setzte die Kirchenbesitzer unter Druck, die sich nun mit dem Zustand der Kirche auseinandersetzen mussten. Sie entschieden sich, den Bau eines neuen Pfarrhauses zu beantragen. Der letzte Gottesdienst in der Kirche von 1617 war der 2. Pfingsttag 1828.
Eine Gemeinde ohne eigene Kirche, war eine Gemeinde im Ausnahmezustand. Deshalb arbeitete man schnell daran, eine neue Kirche in der Stadt zu errichten. Am Sonntag, den 14. Dezember 1828, wurde die neue Kirche in Varhaug geweiht. Über diese Kirche kann man sagen, dass sie ein Prototyp der Linstow-Kirchen war, die in den folgenden Jahren in Rogaland gebaut wurden. In den darauffolgenden 40 Jahren wurden in der Grafschaft nicht weniger als 27 Linstow-Kirchen gebaut. Die Kirche war eine nüchterne Kirche, praktisch und zukunftsorientiert, nach den Maßstäben der Zeit. Diese Kirche erhielt eine neue Kanzel. Die Kirchenbesitzer entschieden sich jedoch dafür, ein Altarbild und ein Taufbecken aus der vorherigen Kirche mitzubringen. Das kam weder beim Pastor noch beim Bischof gut an, der die Kirchenbesitzer anwies, sich etwas Neues zu besorgen. 1845 fertigte der Einwanderer und Silberschmied Torger Jensson Husveg ein neues Taufbecken für die Kirche an. 1850 kaufte die Gemeinde Varhaug das Altarbild, das in der Kirche von Hesby auf Finnøy stand. Dies wurde 1609 von Thomas Snekker angefertigt und von Peter Reimers gemalt. Mit anderen Worten, dieselben Leute, die ab 1617 das Altarbild für die Kirche in Varhaug angefertigt hatten. Als das Altarbild aus der Kirche von Hesby nach Varhaug kam, war alles außer dem Gemälde in der Mitte gemalt.

Bereits 1888 gab es Diskussionen darüber, ob die Kirche in Varhaug verlegt werden sollte. Nach vielen Diskussionen im Gemeinderat wurde beschlossen, dass Odland eine neue Kirchenstadt für die Varhaug-Gemeinde sein sollte. Basierend auf der Entstehung von Bahnhofsstädten rund um die Eisenbahn und einer Änderung im Siedlungsmuster der Gemeinde. 16 Jahre später wurde die Kirche auf Odland fertiggestellt und am Mittwoch, dem 7. Dezember 1904, geweiht. Die meisten sichtbaren Spuren der Kirche auf Varhaug wurden 1905 entfernt, aber der Sockel des Turms blieb stehen. Darauf war eine Kirchenglocke aus dem Jahr 1791 montiert. Altarbild, Kanzel und Taufstein wurden in die Kirche auf Odland gebracht, die heute den Namen Varhaug-Kirche trägt und dort noch immer in Gebrauch ist.
 
 
Quelle: Kyrkjegarden am Meer, Sjur Håland, 2013
 

Tilbake