Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Babysang


Frå 2 mnd.- ca. 1 år.

Kurset er kvar onsdag kl 10-11.30 (sjå datoar nedanfor).
Først syng me ein halvtimes tid og etter det er du velkommen til å sitte nedpå og drøse litt og spise den medbragte lunsjen din. Me tilbyr vatn, kaffe og te.

Me er nede i Noas Ark-rommet, i kjellaren til kyrkja.

Det er påmelding til kurset. Samla kurspris er på kr. 100,- og består av 7 samlingar. Den siste samlinga blir det ei gåve og kos i lag.

 

Skulle du vera uheldig og ikkje få meldt deg på til fyrste samling, er du likevel hjarteleg velkommen til å melda deg på til dei andre samlingane dersom det er ledige plassar. Ta då kontakt med Connie Henriette (sjå info lengre nede).

Datoar for kurset: 
23. april 
30. april
07. mai
14. mai
28. mai
04. juni
11. juni

Påmelding finn du her. (Åpner 06.01.25 kl. 09.00)

Påmelding innan 22. april kl.09.00. Det er kun 15 plasser på kurset. 
Etter påmeldingsfristen må en ta kontakt med Connie Henriette for å evnt være med på kurset dersom det ikke er fullt. 
 

Link til gruppa på facebook. Her kjem det sporadisk info og link til spotify med sangane me bruker på samling. 

Barn elskar song og musikk!
Det er ikkje kvaliteten på songen som betyr noko, men det at ein syng. For barna er foreldra sin stemme knytt til tryggleik og godleik, og song er ein leikande måte å kommunisera på som kan vera med å knyta foreldre og barn tettare saman. I tillegg er musikk eit viktig reiskap for barnet si motoriske, emosjonelle og sosiale utvikling, og rim og regler fremmer språkutvikling.

Me ynskjer å kunna hjelpa foreldre til å fremma ein kvardag med song, musikk, rim og regler, og håper med Babysong å kunna gjeva foreldre gode verktøy til dette. Kurset har fokus på dei gode, gamle barne-reglene, små songar/songleikar og rim. Alt er tilpassa dei minste sine behov for nærleik, tryggleik og kos. 

Har du spørsmål?
Ta kontakt med Connie Reime på mob: 954 54 491 (evt mail: connie.henriette.reime@hakyrkja.no)

Tilbake