For deg som er 4 år i 2024.
Utdeling av 4 årsbok har lange tradisjonar i vår kyrkje. Kanskje du som forelder/føresatt fekk 4 årsbok sjølv. Kanskje du har ho enno? I Varhaug kyrkje deler me nå ut «Barnebibelen for barn». Ei fargerik bok, med enkel tekst og spanande forteljingar frå Bibelen.
Utdeling av 4 årsboka skjer på gudstenesta sundag 24. november i Varhaug kyrkje. Dei som bur på Vigrestad og i Stokkalandsmarka kjem på gudstenesta kl 10.30, barna frå Varhaug kl 12.00. På begge gudstenestane vil me ha med oss forsangarar og dansegruppa Gloria vil dansa for oss. Inviter gjerne med besteforeldre, søsken, tantar, onklar, fadrar og andre denne sundagen.
Fredag 22. november og laurdag 23. november har me ei samling i kyrkja med sang, forteljing, rundtur i kyrkja og ein liten formingsaktivitet saman med barna. Dette er ei kjekk samling som varer i underkant av 1,5 time. Barnet må vera i fylgje med ein vaksen. Dersom de som foreldre/føresette ikkje kan fylgja barnet er dette ein flott anledning til å be ein av fadrane til barnet om å fylgja.
For at me skal ha oversikt over kor mange barn som kjem på samlingane, er det fint om de kan melda barnet på samlinga innan onsdag 20. november.
Det er fyrstemann til mølla når det gjeld tidspunkt på fredag og laurdag fordi me ikkje ynskjer at gruppene vert for store. Me har samling fredag kl. 16.30 og laurdag kl. 10.00 og kl.12.00.
For å melda barnet trykker de her. I påmeldinga vil de kunne velja tidspunkt for samlinga, dersom eit tidspunkt ikkje står, betyr det at det er fullt på den gruppa.
På samlinga vil me ha litt å kos, derfor er det fint om de ved påmelding gjev beskjed om eventuelle matallergiar – slik at me kan ordna noko til alle.
Har de spørsmål ta kontakt med kyrkjelydspedagog Kathrine Håland Varhaug på e-post eller mobil 45 60 42 50.
P.S. 4 årsboka er open for alle som er 4 år i år, anten ein er medlem av Den norske kyrkja eller ikkje. Inviter gjerne med barnet ditt sine venner til samlingane. Husk påmelding.