Alle rettigheter 2019 Hå kyrkjelege fellesråd

24 Hours Festival


 

Festivalen er nå fullbooka men vi håper likevel du vil melde din interesse på ventelista. Du vil da bli kontaktet dersom det blir ledige plasser.

Årets høgdepunkt for både barna og dei vaksne frivillige. Det er tilbakemeldingene vi får år etter år når 24 Hours Festival i Loen på Nærbø er overstått. Siste helga i oktober, frå kl. 12 på laurdag til 12 på søndag, då brakar det laus med tidenes festdøgn for 5.-7. klassinger frå heile Hå kommune. Heile idrettsanlegget er reservert for dei 450 barna og 170 frivillige som er med på festivalen, og vi fyllar idrettshallane med oppblåsbare aktivitetar av ulikt slag, med scene, lys og lyd av høg kvalitet, song, andakt og nattkino, leik i ishallen og i svømmehallen, mat, snop og enormt mykje sosial moro.

Vi avsluttar festivalen med gudsteneste kl. 11, der alle, både familie, vener og andre nysgjerrige, er velkommen til Loen.

Det er enorm rift om plassane, og alle 450 billettane går unna på eit blunk. Vêr derfor raskt ute og meld på barnet ditt. Årets påmelding startar måndag 16. september kl. 8:00.

Festivalen er nå fullbooka men vi håper likevel du vil melde din interesse på ventelista. Du vil da bli kontaktet dersom det blir ledige plasser.

For bilde og fortløpande informasjon
tilrår vi alle å lika festivalen si Facebook-side.


Ta kontakt med oss i crewet på kontakt@24haa.no, eller mobil 488 93 727 i tida rundt festivalen, dersom vi kan hjelpa deg med noko. Får du ikkje respons, eller ønskjer kontakt på andre tider av året enn festivalen er, ta kontakt med kyrkjekontoret.

 

Tilbake