Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Dåpsskule


For 1. klassingane på Varhaug, Vigrestad og i Stokkalandsmarka.

Har DU lyst til å vera med på dåpsskulen i Varhaug kyrkje ?
På dåpsskulen får du læra om det som står i Bibelen, laga ting og ha det kjekt saman med andre 1. klassingar. Me har 5 samlingar i kyrkjestova (bygget ved sida av kyrkja), med oppstart 04. mars. Samlingane vert avslutta med ein familiegudsteneste den 06. april.

Tysdagar kl. 16.15 – 17.00
Tysdagar kl. 17.30 – 18.15 


Dato for samlingane vert: 04.03; 11.03; 18.03; 25.03; 01.04


Dåpsskulen er heilt gratis.


For å gjennomføra dåpsskulen treng vi frivillige! Vi treng nokon trygge vaksne som kan vera med og hjelpa til under samlingane. Hjelpa med håndvask, ro i gruppa, og formingsaktivitetane. Kan du vera med ditt barn på samlingane krysser du av i påmeldinga, så vil me ta kontakt.
Har barnet spesielle behov, sjukdom, allergi eller noko anna me bør vite om så skriv det ved påmelding. Me ynskjer at alle skal få ei kjekk, god og trygg tid på dåpsskulen.

 

Påmeldinga finn du her.

           
Påmeldingsfrist er 28. februar

All vidare informasjon vil skje via e-post og SMS.

 

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt på mail: kathrine.varhaug@hakyrkja.no
Mob.nr: 45 60 42 50

 

Velkommen til dåpsskule!

Helsing
Oss i Varhaug kyrkje!

Tilbake