Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Utbygging av Nærbø kyrkje


Kyrkja er meir en eit bygg 

 

“Her er det plass for alle, her er ei åpen dør” syng me i ein kjent barnesang. Dette vise seg å vere berre halvvegs sant i Nærbø kyrkje. Ikke fordi at folk ikkje er velkomne til kyrkja, men meir fordi det er så mange som nyttar tilboda at det har blitt trangt om plassen. Romfordeling og areal skapar begrensingar for kva opplegg ein kan gjennomføre i kyrja. Sjølv om det som kjent er husrom der det er hjarterom, så er plassmangel hovedgrunnen til at soknet har gått inn for å bygge på den 21 år gamle kyrkja.  

At mange kjenner at dei høyrer heime i fellesskapet i kyrkja, er på alle måtar eit luksusproblem. Det viser kor viktig kyrkja er for bygda, og alle generasjonane som bur der. Kyrkjebygget er så mykje meir enn eit bygg. Det er ein institusjon. Ein møteplass for mangfaldet i samfunnet. Eit fellesskap der folk med ulik bakgrunn, ulike livserfaringar og ulike generasjonar kan stå saman. Samlast om noko som er større enn ein sjølv.  

 

Det er stor aktivitet i kyrkjebygget, og særleg dei unge merkar at det er trangt om plassen. Aktivitetane som er populære og samlande i dag, set heilt andre krav til romfordeling og fysisk areal. Samfunnet har utvikla seg mykje dei siste 20 åra, og tilboda til born og unge i kyrkja har endra seg i takt med dette.  

Kyrkja er ein viktig del av livet til mange. For at barn og unge skal få eit godt tilbud, treng ein å legge til rette for at dei har ein plass å vere. 

 

Soknerådet har sett saman ein byggingskomite som har jobba iherdig med å utvikle gode planar for eit nyttig og praktisk påbygg. Etter gode innspel frå stab, sokneråd og ulike fagfolk, har komiteen no fått realisert planarbeidet i konkrete planteikningar.  

 

Neste steg i prosessen er å få på plass finasnieringa. Dette er nok den delen som krev mest arbeid, samtidig som det er den delen kvar og ein av oss kan vere med å bidra til. Soknerådet har sett eit minimumsbeløp på 5 millionar i eigenkapital før arbeidet kan sette i gong. Her manglar det i skrivande stund ein god del. Om du har lyst til å vere med å bidra til at det skal vere gode tilbud i kyrkja på Nærbø, så har du sjansen til å gje ein slant til utbygginga.  

Dugnadsånda er sterk på Jæren. Og som så mange andre gonge så  “æ dæ jabnå så dræge”. 

 

Du kan gi en gave på vipps via nummeret 565924 eller på bankkonto 3295 59 13425. Denne kan du også få skattefradrag for.

 

Tilbake