Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


5-års sau


Ogna kyrkjelyd inviterer alle femåringar til ei kjekk samling laurdag 18. april kl. 11.00 og til familiegudsteneste i Ogna kyrkje sundag 19. april kl. 11.00.

På gudstenesta får barna sauen «Krølle» i gåve frå kyrkjelyden.

Laurdagen blir det song, forteljing og aktivitetar for barna – og for dei vaksne som vil vera med. Samlinga varer litt under halvannan time, og me ønskjer at kvart barn kjem i lag med ein vaksen. Dersom de som foreldre eller føresette ikkje kan vera med laurdag og/eller sundag, er det ein fin moglegheit til å be ein av fadrane følgja barnet.

På gudstenesta sundag får «5‑åringane» bli endå betre kjende med den gode gjetaren, som dei høyrde om då dei fekk 4‑årsboka i haust. Alle barna får sin eigen sauebamse som heiter «Krølle», som eit minne om at dei høyrer til i den store flokken.

Gudstenesta varer om lag 45 minutt og legg til rette for at barna kan vere med i forteljinga og historia om den gode gjetaren.

Påmelding finn de her. Hugs å skriva inn allergiar eller andre ting det er nyttig for oss å vita om, slik at me kan leggja best mogleg til rette for barnet dykkar.

Har de spørsmål, ta gjerne kontakt:
E‑post: LK452@kyrkja.no
Telefon: 901 48 247

Helsing
Lars Brakstad Kjosavik, sokneprest i Ogna

Tilbake