Helga 6. - 8. februar reiser me til Lunden leirstad i Sokndal på overnattingstur med speiderne som går i 4. klasse og oppover.
Det vert felles avreis frå Vigrestad kl. 17.00 og me reknar med å væra tilbake ein gong mellom kl. 13.30 og 15.00 på sundagen.
Kjøreturen til Lunden tek omlag 1 time og 20 minutt - og me kjører heilt til døra. Overnattinga vert innendørs på internatrom med plass til fire personar per rom. Alle må ha med sengetøy sjølv. Det er dyner og puter på alle rom.
Helga vert fyllt med ulikt program. Konkuranser, leiker, fritid, leirbål, merker og mat. Mykje tid til drøs og latter.
Økonomi
Pris for turen er 800 kr per deltaker. Dette dekker overnatting, måltider og det som er av utgifter tli aktivitetane.
Pris skal ikkje væra avgjerande for om speiderne blir med. Me har eit eige inkluderingsfond som kan hjelpa familiar som ikkje har råd til å betala deler heller heile turen. Ta kontakt med gruppeleiar Turid Boganes på e-post om det er behov for det.
Påmelding
Påmeldinga opnar 1. januar.
Påmelding skjer på denne lenka innan torsdag 29. januar.
De må og huska å betala for turen på VIPPS #116343, kategori: Stokkalandsmarka KFUK/KFUK. Merk innbetalinga med speiderens namn.
Hjelp til å gjennomføre turen
Når me skal til Lunden har me leigd leirstaden og me står for både aktivitetar, måltid og samlingar sjølve. Det betyr at det kan væra godt å væra litt fleire å dela på oppgåvene. Me vaksne plar og å ha det veldig kjekt på tur me og! Nå har du ein gylden mulighet til å bli med du og! Om du ikkje kan væra med heile helga kan det likevel henda at me kan trenga hjelp med transport til og frå Lunden - litt etter kor mange speidere som melder seg på. Turen til Lunden er på litt over 4,5 mil og tek omlag 1 time og 20 minutt. De kan kryssa av i påmeldinga om de har lyst, og anledning, til å bidra.