Det er ikkje lenger lov å setja ned lause gravlykter på gravplassane i Hå
Me veit at det for mange er viktig, og godt, å få setja ned lys på gravene.
Me veit og at me ligg midt i eit stort jordbruksområde kor bøndene slår gras til husdyra sine.
Difor ber me om forståelse for at me no forbyr bruk av lause gravlykter på gravplassane i Hå.
Alle kan framleis setja ned lys på gravene, men då i lukka lykter. På denne måten kan me saman bidra til at fuglane ikkje tek lyktene og slepp ned dei på kjelvene rundt gravplassane. Då slepp bøndene rundt oss å få plast og metall i siloen, som igjen går utover dyra.