4 mnd før vigsel (ikkje før pga attesten må væra så ny som mogleg) kan de søka om prøvingsattest på Skatteetaten sine nettsider. Denne attesten viser at det juridiske er iorden før vigselen. Andre skjema som skal fyllast ut er erklæring frå brurefolka, forlovarerklæring og eventuell melding om namneendring.
Når de har fått svar i Altinn at prøvingsattesten er godkjent, må den sendast til kyrkjekontoret. (Denne attesten er gyldig i 4 månader.)
Etter vigselen sender Folkeregisteret ut vigselsattest.
Det er høve til at bryllaupsgjester kan delta med musikalske innslag, tekstlesing, eller andre passande kulturelle innslag. Dette blir avtalt med presten i vigselssamtalen. Organistane speler gjerne til solosong etc (levande musikk er å føretrekkja framfor playback). Avtal øvingstid direkte med organisten i god tid.
De er sjølv ansvarlege for å få trykt songark og eventuell pynting av kyrkja. Dørene opnar ein time før vigselen startar, så pynting må gjerast då. Salmebøker i kyrkja kan brukast om ønskjeleg.
Det er brudeparet sjølv som må ta kontakt med kyrkjelydskontoret minst ein månad før vigselen for å avtala vigselssamtale med presten (vanlegvis 2-3 veker før vigselen). De vel sjølv salmar og brudemarsjar (sjå forslag i linkane under).