Ei enkel bønnesamling i festsalen ved Varhaug kyrkjekontor annakvar tysdag kl. 12.00.
Kvardagsbønn er ei enkel bønesamling i kyrkja. Ein vil bruke tidebøner frå salmeboka eller liknande. Det vil vere eit par salmar, og det vert lese ein bibeltekst med påfylgjande stillheit for meditasjon. Me åpner og for å dele bøneemner som ein ber for i fellesskap. Samlinga vert leia av prest eller kyrkjeleg medarbeider/frivillig.
Varighet ca 30 minutter.
Målet for Kvardagsbøn er som navnet seier, at det skal gje rom for å kome saman i bøn i kvardagen. Det vil vere mulig å få seg ein kaffikopp etter bønesamlinga.
Datoar hausten 2025
9. sept
23. sept
21. okt
4. nov
18. nov
2. des
16. des
Kontakt sokneprest Per Kjartan Veggeland om du har spørsmål til samlingane.
Photo by Patrick Fore on unsplash.com