Sorgstøttegruppe for barn


For barn på Jæren, Sandnes og Sola.

Det er heilt naturleg å bli lei seg når nokon ein er glad i døyr. Sorg er ingen sjukdom, men det kan gjere forferdeleg vondt. Sorga kan nokre gongar få deg til å tenkje, føle eller å gjere ting som kan være vanskeleg å forstå.

Då kan det ofte hjelpe å treffe andre som også har opplevd å mista nokon dei er glade i.

Ei sorgstøttegruppe er ei samtalegruppe der alle i gruppa er omtrent like gamle, og alle har opplevd å miste anten foreldre eller sysken i dødsfall.

Her kan du få snakke om tankane og følelsane dine, og alle bestemmer sjølve kva han/ho vil dele og fortelje.

Det er viktig at me respekterer kvarandre i gruppa, og at me har lov til å vere både glade og leie oss saman.

Gruppene er livssynsopne, dvs. at dei er opne for alle uansett kva livssyn og tilknyting til kyrkjesamfunn du har.

Her ligg det ein brosjyre du kan lesa om sorggruppe for barn.

Viss du vil melde deg på, så kan du snakke med nokon vaksne som du kjenner. Dei kan hjelpa deg til anten å ta kontakt med diakoniarbeideren i Hå, Kjersti Olimb Salte på e-post eller rmobil: 478 70 004 eller direkte med diakon i Bryne som organiserer gruppene, Marit Høie Hetland på e-post eller på mob: 911 63 039.

 

 

 

Foto Helene Moe Slinning

Tilbake