Onsdag 30. oktober kl. 19.00
Onsdag 30. oktober kl. 19.00 dreg me i gang ein fantastisk kyrkjelydsfest i festsalen ved kyrkjekontoret! Her vil det verta god mat, kjekk underholdning og basar. Kvelden er for både ungdommar, unge vaksne og eldre. Me vil laga eit eige bord til ungdommen :)
Kveldens underholdning står Arne Nordbø for. Arne er ein festleg tidlegare elektriker frå Finnøy. Det kan blant anna nemnast at han er bror til "Han Innante" (Toralf Nordbø). Du vil garantert får trent smilebåndet og lattermusklane.
Me vil ha god tid til mat og drøs rundt bordene. Og når det lir litt utpå vert det basar til inntekt for kyrkjelydsarbeidet før me runder av med eit ord for kvelden.
Her er det duka for ein kjempekjekk festaften i festsalen.
Sidan det er servering treng me å vita kor mange som kjem. Påmeldingsfrist er sundag 27.oktober. Du kan melda deg på her.
Photo by Adi Goldstein on Unsplash