Alle rettigheter 2021 Hå kyrkjelege fellesråd

Gudstenester i november


 

Med bakgrunn i dei nye restriksjonane kring Covid-19, som gjer at me kun kan væra 50 deltakere på gudstenestane i kyrkjene våre, er det endringar i gudstenestelistene i Hå.

Sundag 15. november
I Nærbø kyrkje har gudsteneste med påmelding kl. 11.00.  Påmeldinga finn du her.   Denne gudstenesta vert og streama til NK Media sine nettsider. (Det vert ikkje sundagsskule på Nærbø).
I Varhaug kyrkje utgår gudstenesta.
I Ogna kyrkje utgår gudstenesta.
I Stokkalandsmarka menighetshus utgår gudstenesta.

Sundag 22. november
I Nærbø kyrkje har gudsteneste med påmelding kl. 11.00.  Påmeldinga finn du her, den opnar tysdag 17.november.  Denne gudstenesta vert og streama til NK Media sine nettsider.
I Varhaug kyrkje vert det 4 dåpsgudstenester.  Desse er kun for dåpsfamilien og deira inviterte gjester.
I Ogna kyrkje er det ikkje sett opp gudsteneste denne sundagen.
I Stokkalandsmarka menighetshus utgår gudstenesta.

Sundag 29. november
I Nærbø kyrkje er det gudsteneste med påmelding kl. 11.00.  Påmeldinga finn du her, den opnar tysdag 24.november.  Denne gudstenesta vert og streama til NK Media sine nettsider.
I Varhaug kyrkje er det gudsteneste med påmelding kl. 11.00.  Påmeldinga finn du her, den opnar tysdag 24.november.
I Ogna kyrkje er det open gudsteneste kl. 11.00 utan påmelding.
 

Behov for å snakka med nokon?
Me veit at mange opplever at restriksjonane kring Covid-19 gjer dei meir einsame.  Me veit og at mange er redde, usikre og kjenner at tida me går i møte er tung.  Treng du nokon å snakka med kan du ringa til ein av oss tilsette i kyrkja i Hå.  Kontaktinformasjon til alle tilsette finn du her.

 

Photo by Joseph Pearson on Unsplash

Tilbake